Vinterens Meistermøte
-
Ein morosam og sosial aktivitet som passar for alle. Gruppa vert delt inn i mindre lag som skal konkurrera mot kvarandre i 7 kjekke øvingar/oppgåver, som til dømes “to like”, gå på planken, nøtteknekkaren, labyrinten og pusling. Målet med aktiviteten er læring av god kommunikasjon, samarbeid, legga gode strategiar og ikkje minst lære kvarandre bedre å kjenna. Etter aktiviteten samlast gruppa for ei oppsummering av resultata og premiering av det beste laget.
Vossamoro er eit mobilt aktivitetselskap. Me kan ta med oss utstyr og oppgåver, og arrangerar aktivitetar i nærheita av der de har samlinga dykkar. Hoved arenaen vår for aktivitetar er Prestegardslandet, som ligg rett ved sentrum og Vangsvatnet.
-
2 timar
-
Pr. pers: kr. 410 (min kr. 3600)
-
Vinter sko, praktiske varme uteklede lue og vottar