Guida aketur frå Hangurstoppen

  • Bli med på ein fantastisk flott aketur i fjellheimen etter offisiell stengetid av skianlegget. Gruppa vert frakta frå Bavallen og opp til Hangurstoppen 820 moh med Ekspressheisen. Frå Hangurstoppen set me utfor Familieløypa som måler ca 5,2 km. Løypa passar perfekt til aking og svingar seg nedover eit variert og flott terreng. Ein fantastisk flott tur som passar for alle som vil oppleva den flotte fjellheimen, fart og spenning. Dyktige innstruktørar er med på turen. Etter turen vert det delt ut 3 ulike ake prisar. Me arrangera aking frå Hangusrtoppen desse dagane: måndag, onsdag laurdag og sundagar. Det er oppmøte ved Skiskulen i Bavallen kl. 15.45.

  • 1,5 t

  • kr 440 pr. pers (min kr.4300) Prisen inkludere heistransport, utstyr, instruktørar og premiering.

  • Vinter sko, praktiske varme uteklede og vottar/hanskar.

Forrige
Forrige

Vinterens Meistermøte

Neste
Neste

Lagbygging