VOSSACURLING

VOSSACURLING VOSSACURLING VOSSACURLING VOSSACURLING

VOSSACURLING

Ein sosial aktivitet som føregår i nederste delen av den nye hoppbakken i Bavallen. Perfekt for grupper som vil gjera noko som er litt fysisk, spennande og morosamt. Gruppa vert delt inn i lag, og kvart lag får utdelt nokon opplåste bilringar som fungerar som stein i curling samanheng. Målet er å oppnå høgast poengsum ved å skli bilringen inn i sentrum av boet. Det vert køyrt fleire omgangar, og laget som til slutt vinn konkurransen er det laget som samanlagt har oppnådd høgast poengsum. Etter aktiviteten samlast gruppa i SkiBarBula for ei kort oppsumering av resultat og premiering av det beste laget. Premieutdelinga kan gjerne kombinerast med noko godt å eta eller drikka.

Tid:             ca 2 t
pris:            kr. 380 pr. pers
Kapasitet:  12 – 40 pers
Bekledning: vintersko, praktiske ute klede, lue og vottar.

For meir informasjon eller bestilling av aktivitetar kontakt:

Vossamoro mobil: 95982065
E – post: gunvor@vossresort.no