OVERNATTING I HYTTER OG PÅ HOTELL

OVERNATTING I HYTTER OG PÅ HOTELL OVERNATTING I HYTTER OG PÅ HOTELL OVERNATTING I HYTTER OG PÅ HOTELL OVERNATTING I HYTTER OG PÅ HOTELL OVERNATTING I HYTTER OG PÅ HOTELL OVERNATTING I HYTTER OG PÅ HOTELL OVERNATTING I HYTTER OG PÅ HOTELL

OVERNATTING I HYTTER OG PÅ HOTELL

OVERNATTING I HYTTER I BAVALLEN OG PÅ TRÅSTØLEN
Hyttene er godt utstyrt med omsyn til sjølvhushald.
Dei fleste har vedomn, kabel-TV, badstove, flislagde bad, vaskemaskin, oppvaskmaskin, kjøleskåp med frys, komfyr, dyner og puter.

Storleiken varierer frå små, koselege hytter med to soverom til større hytter med hems og plass til inntil 12 personar. Kvar hytte er sett saman av to einingar, og er anten vertikal- eller horisontaldelt. Alle hyttene er individuelt innreia og møblert.

Møterom
Legg bedriftsseminar, møte, kurs eller event-/kick off-arrangement til komfortable og hyggjelege Voss Resort Bavallstunet. Om dykk kjem på dagsbesøk, eller vel å overnatta i våre flotte hytter/leilegheiter vil me yta topp service i stemningsfulle lokale!

Møtelokala har kapasitet til:
* 50 personar i klassreomoppsett utan bord * 40 personar i klasseromoppsett med bord * 30 personar i hesteskooppsett med bord
I tillegg har me to grupperom med ovale bord for inntil seks personar per rom. Grupperomma har flipover og trådlaust internett.

OVERNATTING PÅ HOTELL PÅ RINGHEIM
Sentralt på Voss ligg eit gamalt gardstun, der “Gardshuset” og Reiskapshuset er omforma til eit lite boutiquehotell med 15 unike og særprega rom. Store Ringheim hotell & restaurant er stolt medlem av “De historiske hoteller og spisesteder”, med 5.plass i kategorien 4 stjernes hotell i Norge.

Alle romma har eige bad med dusj og toalett. Det er elektrisk oppvarming i alle rom, i tillegg har junior suitane og Eldhuset også vedomnar/peis.
Alle romma har vatnkokar og eit utval te/pulverkaffi, flatskjerm tv og WiFi.

For meir informasjon og pristilbod kontakt:

Vossamoro mobil: 95982065
E – post: gunvor@vossresort.no