MEISTERMØTE

MEISTERMØTE MEISTERMØTE MEISTERMØTE MEISTERMØTE MEISTERMØTE

MEISTERMØTE

Ein populær og morosam aktivitet som passar for ALLE. Gruppa vert delt inn i lag med 7 – 9 deltakara, som skal konkurrera mot kvarandre i 7 spennande øvingar, som til dømes vardebygging, stafett med opp-ned briller, langski, pusling og øksekasting. Stikkord i denne samanhengen er samarbeid, memorering og taktikk. På kvar post er det ein instruktør som gjev rettleiing og notera resultata. Postane er satt ut i det flotte området rundt Bavallstunet. Her står utfordringane i kø, det er berre til å ta fram konkurranse instinktet og kjempa om å bli kåra til bedrifta / gruppa sitt MEISTERLAG.
Etter aktiviteten samlast gruppa i SkiBarBula for ei oppsummering av resultata og premiering av det beste laget.
SkiBarBula har alle rettigheiter og serverar forfriskningar og mat på bestilling.

  • Vossamoro er eit mobilt aktivitetselskap.
  • Me tek gjerne med oss utstyr og oppgåver, og arrangerar Meistermøte og andre kjekke aktivitetar der de har samlinga dykkar.
  • Gode rabattar ved kjøp av fleire aktivitetar.

 

Tid: 2 t
Pris pr. pers. kr. 380 ( min kr. 3100 pers)
Kapasitet: 8 – 600 pers.
Bekledning: gode sko og praktiske uteklede

For meir informasjon eller bestilling av aktivitetar:

Vossamoro mobil: 95982065
E – post: gunvor@vossresort.no