Om oss

Kva gjer me

Morosame aktivitetar i flott natur, ekta kultur, fart og spenning. Vossamoro AS tilbyr eit breitt utval aktivitetar for små og store grupper, og me har meir enn 12 års erfaring med planlegging og tilrettelegging av sommar og vinter aktivitetar. Me arrangerar varierte aktivitetar som passar for ALLE uansett alder. Aktivitetane vert avslutta med oppsummering av resultata og premiering av det beste laget. Me kan og hjelpa dykk med alt frå overnatting, servering til transport og underhaldning.

Vossamoro AS

Gunvor Wæhle er dagleg leiar for Vossamoro. I tillegg til å styra spakane jobbar ho som instruktør året rundt. Med seg har ho ein flott gjeng med instruktørar som har lang erfaring med tilrettelegging og gjennomføring av aktivitetar. Saman set me alle klutar til for at gruppa dykkar skal få ei morosam og kjekk aktivitets oppleving utanom det vanlege.

Bavallen

Vossamoro har hovudbasen i Bavallen rett ved Bavallstunet og Voss Resort sitt skianlegg. Om summaren arrangerar me aktivitetane i det flott området rundt Bavallstunet og om vinteren nyttar me skiløypene og området rundt skianlegget. Her kan de leiga hytter i ulike storleikar og Bavallstunet serverar varme rettar og forfriskingar på bestilling.

Mobilt aktivitetselskap

Vossamoro AS er eit mobilt aktivitetselskap som reiser rundt heile Voss kommune og resten av Hordaland og arrangerar aktivitetar for firma og grupper. Me fyller bilen med instruktørar, oppgåver og utstyr, og lagar eit flott opplegg der de har samlinga dykkar. Blå tur, firma tur, kurs og konferanse, eller jubileum, med Vossamoro vert det ei morosam og aktiv samling utanom det vanlege. Ta kontakt så skal me laga eit kjekt opplegg som passar for dykkar gruppa.